
The episode discusses the impact of the monetary system on inflation and explores Bitcoin as an alternative.
I fleire tiår var inflasjon eit ikkje-tema i det offentlege ordskiftet. Dei siste åra er alt ved det gamle: Inflasjon har gjort "comeback" og pengepolitikken til Noregs Bank er sett under lupa - og lek og lærd ser i så måte forskjellig på saka. Før lærte vi at inflasjonen ofte var eit monetær fenomen: Mange meinte at auke i pengemengda var den viktigaste årsaka til høg - og tidvis variabel - prisvekst. Er det slik enno? Kva er bankane si rolle i så måte? Og vel vitande om at inflasjon i grunn og botn er eit definisjonsspørsmål: Måler vi inflasjon på tilfredsstillande vis? Sist, men ikkje minst: I kva grad er det fruktbart å diskutera alt dette med bitcoin som utgangspunkt og innfallsvinkel? Alt dette er tema for ny Satoshi-samtale i regi av Bitcoinpolitisk institutt Noreg (BPI). Desse er med: Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika Gruppen Ole Emil Augland, styremedlem i BPI Arne Kloster, spesialrådgjevar i avdeling for marknader, Noregs Bank Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i BPI.
Host: Morten Søberg
Guests: Jan Ludvig Andreassen, Ole Emil Augland, Arne Kloster
Organizations: Eika Gruppen, BPI, Noregs Bank, Bitcoinpolitisk institutt Noreg
Explore listener stats, chart rankings, contacts and more on the Bitcoinpolitisk Institutt Norge podcast page.