
This episode features an interview with Torleiv Fylkesnes discussing the history and future of Finnås Kraftlag as it approaches its 80th anniversary.
Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo. Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet? Vi snakkar om samfunnsbygging, samvirke, solidaritet, kulturstøtte, fiberutbygging og framtidas kraftbehov – men òg om musikk, lokal stoltheit og kvifor gode opplevingar i fellesskap betyr så mykje. Ein varm og engasjerande jubileumsepisode om historie, identitet og framtidstru på Bømlo. Jubileumsfeiring i 2026 I samband med 80-årsjubileet ønskjer Finnås Kraftlag å markera året saman med heile lokalsamfunnet. Søndag 7. juni inviterer dei til ein skikkeleg folkefest i bakgarden på kraftlaget – open for alle som ønsker å ta turen. Programmet er ikkje heilt ferdig spikra enno, men Finnås Kraftlag kan allereie no røpa at Heine Totland kjem med band, i tillegg til andre lokale artistar. Det blir òg besøk av både Bjørnis og VilVite-senteret, så alt ligg til rette for ein skikkeleg kjekk dag for heile familien. I tillegg blir…
Finnås Kraftlag
Explore listener stats, chart rankings, contacts and more on the SunnhordlandPodden podcast page.