
Lindi Hystad Strand shares her journey of overcoming personal challenges and the importance of living in the moment.
I denne episoden møter du Lindi Hystad Strand – dama bak Instagram-kontoen Frisk luft og livet . Ho fortel ope og ærleg om oppvekst med dysleksi, epilepsi og Tourettes syndrom, om dårleg sjølvbilete, tics, diagnosar og vegen fram til å akseptera seg sjølv. Men dette er også ei sterk historie om kjærleik, familie og det å stå som pårørande når mannen Eivind lever med alvorleg kreft. Lindi deler om kvifor ho vel å vera open, korleis natur, fjellturar, vinterbading, musikk og små eventyr gir kraft i kvardagen – og kvifor livet må levast no, ikkje ein gong seinare. Ei varm, sår og inspirerande samtale om å vera menneske midt i det vanskelege – med både latter, tårer og håp. Sponsor: Nest Design Nest Design hjelper deg med å sjå potensialet i heimen din og skape løysingar som kombinerer design, funksjonalitet og trivsel. Med bakgrunn som bygningskonstruktør og over 14 års erfaring frå arkitektbransjen, hjelper dei deg enten du skal byggja nytt, renovera eller ønskjer å få meir ut av bustaden du allereie har. Dei tilbyr rådgiving og prosjektering av nybygg, ombygging og renovering, og kan også hjelpe med interiørdesign, farge- og materialval, møblering, lysplanlegging og utforming av…
Nest Design
Explore listener stats, chart rankings, contacts and more on the SunnhordlandPodden podcast page.